Årets Lag 2019 er Landbrukstjenester Salten og Lofoten

Landbrukstjenester Salten og Lofoten er kåra til Årets lag 2019 i NLT-organisasjonen. Dette er ei markering av eit medlemslag som har utmerka seg gjennom året i høve profesjonalitet og medlemsyting. I eit normalt år ville kåringa vore på Årsmøtet, men sidan det ikkje vart noko av vart det kåring i dag under opninga av årets Haustsamling. Haustsamlinga er i år digital så det vert ingen felles festmiddag og feiring.
Landbrukstjenester Salten og Lofoten driv jamnleg kursing av sine tilsette. Dei arbeidar aktivt med å løfte status i yrket og deltar aktivt på samlingar i organisasjonen. Årets lag har eigen strategiplan som vert gått gjennom kontinuerleg for å nå måla. Dei har fleire tilsette i administrasjon og yter trygg og god service til sine medlemer.
Vi gratulerer Landbrukstjenester Salten og Lofoten med tittelen Årets Lag 2019!